Bruse Herbiornasson på Muri

Valldal, Norddal, Møre og Romsdal, Norway

How are you related to Bruse Herbiornasson på Muri?

Connect to the World Family Tree to find out

Bruse Herbiornasson på Muri's Geni Profile

Share your family tree and photos with the people you know and love

  • Build your family tree online
  • Share photos and videos
  • Smart Matching™ technology
  • Free!

Bruse Herbiornasson på Muri

Norwegian: Bruse Herbjørnson på Muri?
Also Known As: "Brúsi á Muri"
Birthdate:
Birthplace: omkring år 1000 i Norddal, Sunnmøre, Norway
Death: Valldal, Sunnmøre, Norway
Place of Burial: Valldal, Sunnmøre, Norway
Immediate Family:

Son of Herbjørn Dale
Father of Grim Brusasson Muri

Occupation: Høvding, Hövding
Managed by: Marsha Gail Veazey
Last Updated:
view all

Immediate Family

About Bruse Herbiornasson på Muri

Bruse på Muri er nemnt i sagaen om Olav Heilige. Ætta etter han er òg lista opp i Sunnmørsættleggen frå omkring 1350:


Tavle 10

Herbiarnar, ligger i haugen i Drivsvik (Nørve)

Bruse [p%C3%A5 Muri]

Grimer

Bjørn [p%C3%A5 Sylte i Valldal]

Helge

Eirik på Helgebostad

Astrid


ARTIKKEL OM BRUSE PÅ MURI

Då Olav Haraldson ( Den Digre og Heilage) flykta gjennom Valldalen

Skrevet av: Svein Linge (Sunnmørsposten, lørdag, 24.februar 2007)

I snart 1000 år har valldølne med innleving fortalt og pynta på historiene om Olav Haraldson si fluktrute gjennom dalen.

I ei reiseskildring frå Valldal skriven i 1863 ( på trykk i turistforeiniga si årbok 1902 ) står det m.a. :

” Ein kan enno i dag skritt for skritt følgje denne ulykkelege kongen på hans ferd gjennom dalen. Enno seier folk: Her sat han, og her gret han!”

I dag arbeider ei kommunal nemnd med spørsmålet om ta opp igjen olavstradisjonane i Valldal. Derfor kan det og vere interessant å sjå på kva er fakta og kva er myter omkring den då avsette kongen si ferd gjennom dalen. .

På folkeskulen var eg - som dei fleste andre - stolte over vikingane. Størst av alt var at sjølvaste Olav Den Heilage for gjennom Valldalen . Men ikkje berre det: Han sette ”bygda på kartet” som det heiter i vår tid . For dei store ”underverka” han etter folketru og den katolske kyrkje gjorde vart omtala over store deler av Europa.

Som øvingslærar i 1969 på Øyra skule i Volda fortalde eg 6. klasse om då Olav Den Heilage i nokre dagar var den første campingturisten i bygda. Klassa sat stille og lytta. Då timen var over, samla klassa seg rundt kateteret

.Spørsmålet var: ”Trur valldalingane på slike løgner?”

Då eg nokre år seinare studerte historie i Trondheim vart det ein tankevekkjar då professoren som førelas i norsk historie 900 -1100 sa at Snorre ikkje måtte nyttast som historiebok.

Vera Henriksen sin romanar frå vikingtida var mykje meir pålitelege som historiebøker enn Snorre. Derfor var det med ekstra interesse eg las boka ” Hellig Olav” av Vera Henriksen .

For meg er der mange nye og interessante synspunkt og utgreiingar både om Olav Harldson og om Snorre Sturlason, hans liv og forfattarskap.

Henriksen drøftar og kvifor Snorre skreiv som han gjorde om Olav i ”Heimskringla” og i den ”Store Saga om Olav den Heilage”. Dei same skriftege kjeldene frå tida Olav levde og i dei følgjande åra var tilgjengelege for begge.

Men Vera Henriksen har sjølvsagt hatt lettare tilgang til kjeldene enn Snorre. Alle levande kjelder var borte også for Snorre. Munnleg tradisjon har H.C.Andersen dokumentert verdien i eventyret om fjøra som blei til fem høner.

Vera Henriksen har stått fritt til å skrive og vurdere ut frå det ho meiner var rett. Snorre måtte ta omsyn både til den mektige Katolske kyrkja i Trondheim og kongen.

Snorre sine sagaer

Snorre skreiv om Olav Haraldson ca 200 år etter slaget på Stiklestad . Vera Henriksen legg vekt m.a. på følgjande når ho vurderer han som historikar:

1.Snorre skapte ein kronologi innan sagaen om Olav Haraldson . Kva som skjedde og når har i stor grad har overlevd vår tids kritikk. (s.152)

2. Snorres saga er skjønnlitteratur. Om dei var skrivne i dag ville sagaene blitt kalla historisk romanar. ( s.160) -2 -

3. Snorre var ein opplyst middelalderkristen. Derfor må det ha verka utenkjeleg for han at ein kristen konge - til og med heilag - kunne ha trudd på reinkarnasjon og meint han stamma frå Odin. Derfor sløyfa han dei heidenske mytene om Olav. (s.152) Olav tok m.a. ikkje avstand frå at han ætta frå Æsene og hans gode ven Sigvat Skald nemner ikkje at Olav er kristen i sine strofer før etter at Olavs trufaste følgje biskop Grimkjell kanoniserte Olav på eiga hand i 1031.

4. Konklusjonen er nærliggande at Snorre har spunne saman sagaen og eige liv. ( s 159)

5. Snorre har skapt replikkar og talar i Olavs saga.(s155)

Bakgrunn for turen til Valldal

Sommaren 1028 vart Knut den Mektige valt til konge i Noreg utan strid. Erling Skjalgson vart lendemann for Vestlandet , Tore Hund og Hårek frå Tjøtta for Nord-Noreg og Håkon Jarl styrde landet på vegne av Knut. For å sikre seg at dei held lovnaden tok Knut , som var kristen på linje med Olav , brør eller sonar av dei same stormennene med seg som gislar. Ikkje uvanleg : Olav hadde gjort det same t.d. på Island!

Først då Knut seint på hausten i 1028 drog heim til Danmark, våga Olav å ta turen til Vestlandet. Det gjorde han med skip og mannskap frå sine frendar rundt Austersjøen og nokre lendmenn som hadde vore med han heile sommaren, m.a. Kalv Arneson.

I følgje Snorre var Olav ved Lindesnes på Tomasmesse (21. desember ) med 13 skip. På vegen nordover dagen etter (?) vart Erling Skjalgson drepen.

Kor lang tid Olav brukte frå Jæren til Valldal fortel ikkje Snorre. Men så snart drapet på Erling vart kjend , samla Skjalgsønene skip og våpenføre menn frå Agder, Jæren og Hordaland og ei stor hær for nordover. Då Håkon Jarl fekk nyss om drapet, samla han ei hær og sette kursen mot sør. Kor lang tid tok dette. 14 dagar? Ein månad?

Sjølv om FN sin klimarapport slår fast at 2006 var det varmaste året på ca 1300 år, var det eit varm klima rundt år 1000.

Men må ein tru: med vinterstormar og uver som i vår tid! Dette er viktig å ha som bakteppe skal ein prøve tenkje seg kva som skjedde då Olav måtte flykte frå landet gjennom Valldalen. Truleg kom han til Valldal tidlegast ein gong rundt 20. januar 1029.

Olav i Valldal

Kva skjedde då kong Olav Haraldson flykta gjennom Valldalen til Lesja på sin veg til Gardarike?

Snorre fortel at kongen hadde 5 skip og 400 mann med seg då han på etterjulsvinteren på flukt frå kanskje den største(?) hæren til då samla i Noreg . Kongen må ha vore både frustrert, i dårleg humør og visst at livet hans var i stor fare.

Snorre skriv at to netter før - i Herøy - hadde han hatt krigsråd med .Kalv Arneson og dei andre stormennene i følgjet . Olav vart oppmoda om å dra mot Håkon Jarl. Olav ville ikkje. Neste natt delte flåten seg. Olav låg ved Slinningen medan mange av stormennene overnatta ved Borgund.

Der hogg ein av Arnesønene ned Aslak Fitjeskalle fordi han hadde drepe Erling Skjalgson. Deretter drog Kalv Arneson og dei fleste norske stormennene (?) og slo seg saman med Håkon Jarl. Olav hadde då alt sendt speidarar opp på Sukkertoppen og sett at flåten til Håkon Jarl låg og sperra den naturlege fluktruta: Inn Romsdalsfjorden og opp Romsdalen.

Fluktruta gjennom Valldal

Soga seier Olav slo leir på Sylte (øyra Sult). Det var ein stad på austdelen av elva - kanskje derValldal Trevare er i dag. Valldøla rann i 1029 ut i fjorden truleg der Muritunet no ligg. For i Det store skredåret 1679 tok Valldøla nytt far.

Snorre seier at hovdingen over dalen, Bruse på Muri og mange andre bønder tok vennleg imot den flyktande kongen. Er det truleg? Truleg vart Bruse eller nokon av hans nærmaste familie teke som gissel. Det skulle hindre bøndene i dalen å falle Olav i ryggen dersom flåten til Håkon Jarl kom.

Dessutan måtte han truleg med makt tvinge folk frå dalen til å vere vegvisar over til Lesja. Utan hjelp ville han fort kunne gå seg bort fjellheimen, høgvinter som det var - og - med dårleg fjellutstyr!

Olav Digre godt motteken?

Ut frå følgjande er det for meg heilt utenkjeleg at bøndene tok i mot den avsette kongen med eit venleg sinn:

1.Bøndene visste at Knut den mektige no var konge i Noreg. Det kunne bli ei hard straff å hjelpe Olav

2.Soga seier Olav Haraldson på slutten av si ”regjeringstid” var upopulær i den norske bondestanden. Han hadde teke frå dei ein arbeidsdag for veka og tvinga på dei mange andre kristne høgtidsdagar. Det var vel kjend at bøndene i Noreg i Olavs kongetid hadde fått valet mellom å la seg kristne, bli drepen, eller gi frå seg garden og flykte.

3.Valldølne frykta for sine unge jenter og koner no når 400 soldatar som hadde vore på sjøen i lang tid kom og slo leir.

4.Dei var nett ferdige med julegilde og kjøtt og korn skulle helst vare til neste haust.400 soldatar treng mykje mat og mjød.

5.Dei måtte vere klar over at når den avsette kongen no kom midtvinters flykta han frå ei større hær. Dei hadde neppe lyst til å bli dregne med i ein slik kamp på taparen si side.

6.Olav måtte og vere klar over at fiendane kunne kome. Røynd viking som Olav var går eg ut frå at kongen meinte gissel taking i Valldal var nødvendig for å vere trygg på at han ikkje blei lurt.

Skjersura

Snorre fortel at på spørsmålet om korleis det var å kome seg til Lesja frå Valldal svarte Bruse at

1. Det er ei ur midt i dalen , Skjersura , som det ikkje er råd å passere verken for folk eller hestar..

2. Vi har også høyrt, seier Bruse , at opplendinane har forkasta kristendommen og at ingen som kallar seg kristen slepp gjennom dalen.

3. Kongen gir ordre om at 100 bønder frå bygda med hestyar skal følgje han Skjerura dagen etter for å lage veg gjennom ura.

Dialogen på Sylte mellom Bruse og kong Olav er- slik eg tolkar Vera Henriksen er ein samtale ho meiner Snorre har skrive ut frå kva han ville ha sagt om han hadde vor der.

Same kva ein måtte meine om Snorre: Eg har store vanskar med å tru at dette var kva som hende på Sylte i januar 1029. Eg trur Bruse og bøndene ville ha Olav ut av dalen så raskt som råd. Om han vart drepen når han kom til Lesja, eller omkom i fjellheimen på veg ut av dalen, var for dei ein fordel. Som takk ville dei kanskje til og med få skattelette av Håkon Jarl og kong Knut neste år!

Korsbrekka

Snorre fortel at Olav med følgje tok pause alt ved Korsbrekka vel 10 min gange frå leiren på Sylte. Der held Olav tale der han m.a. i følgje Snorre var vonbroten over ( sin Judas) Kalv Arneson. Etter tradisjonen skulle Olav ha stogga der for å sjå at dei fem skipa hans brann. At skipa vart brunne er ikkje nemnd i Snorre.

Men han fortel at grunnen til at Erling Skjalgson nådde igjen Olav Haraldson var at skipa til Olav var vasstrokne etter å ha vore i sjøen heile sommaren. Om skipa vart brunne på Sylte er for meg lite truleg.

Dessutan hadde han bruk for mange hestar. Kanskje han bytte skipa mot hestar frå bøndene? Kvifor skulle han kaste bort tid på å brekkekanten berre få min etter at turen opp dalen hadde begynt? At Snorre 200 år etter har fått fortalt at han stoppa der, eller han synest av litterære grunnar burda ha stoppa og halde ein tale der er nok heilt anna! Dessutan bygdefolket nede i dalen var kanskje lei av å høyre på alt den heilage kongen hadde gjort på Alstad!

100 bønder til Alstad

Det verkar truleg at Olav kravde at mange bønder skulle følgje han opp gjennom dalen. Dei kunne frakte varer, kanskje også samle inn nødvendig mat og utstyr som måtte vere nødvendig til fjellturen. Dessutan: dei bøndene og hestane Olav og hans hær hadde kontroll over, fekk delta i kamp om Håkon Jarl kom settande etter dei.

At Olav slo leir på Alstad er sikkert rett. På ein kort vinterdag er det ein dagsmarsj frå Sylte til Alstad. Med ryggen mot Skjersura og god skråning ned mot elva er garden og eit godt val om ein fryktar angrep frå fiendar.

Kva skjedde på Alstad?

Snorre fortel at Olav både budde i landteltet sitt ved Olavshellaren . Først andre dagen - ein halv kort vinterdag - vart den over ein km lange Olavsvegen bygd gjennom storura.

Sameleis fortel Snorre at etter 1. natta kom ”kokken” og fortalde at det var berre to skrottar til å mette 500 mann. Då gjorde Olav som Jesus . Jesus metta 5000, då måtte vel Olav klare 500!! Og som i Matt. 14.20: Det vart ikkje berre nok mat til alle, men det vart mykje til overs. Dei 100 bøndene få bygda fekk med seg mat heim og Olav og hirden fekk nok mat til turen over fjellet!

Dette er tydeleg bibelsk inspirert og eit grensetilfelle mellom folketru og Olavslegenden, skriv Vera Henriksen. Ho meiner vegbygginga gjennom ei ur som Skjersura er inspirert av forteljingane om Tor med Hammaren. I følgje eit liknande segn laga Tor veg i reint raseri gjennom Urabø ura ved Torak.

Eg er heilt trygg på at Olav ikkje kasta bort tid på vegbygging medan han flykta for livet. Men det var midtvinters. Olav vart kanskje overraska av ein vinterstorm . Det kan i så fall forklare kvifor ikkje Håkon Jarl kom inn fjorden for å drepe Olav. I så fall var han på Alstad til veret letna.

Vegbygging?

Sjølvsagt var Olav klar over at bøndene i Valldal kring år 1000 ikkje held seg i ro nedanfor Skjersura. Heile dalen vart nytta til jakt, sætring m.m. Bøndene ville heller aldri våge å prøve bløffe ein hærførar med 400(?) tungt væpna hirdmenn at det ikkje var råd å passere ura. Ikkje minst fordi Snorre fortel at bøndene sa frå til Olav om sætrar lengre oppe i dalen.

Ein fortel heller ikkje ein kristen konge at dit kan ein ikkje dra fordi der er så mykje troll og vetter. Korleis har då Olav fått æra for vegen? Etter at kongen vart Olav Den Heilage

er det ikkje vanskeleg å tenkje seg at folkesnakk og overtru laga mange historier om Olav. Og etter kvart som alle levande vitne om kva som skjedde var borte tok fantasi og forteljarglede over.

Det er og vanskeleg å tenkje seg at den katolske kyrkja gjorde noko for å stoppe nye eventyrleg forteljingar om kva denne Olav hadde gjort. I folketrua forklarte ein alle uforklarlege naturmerke med at dei var laga av troll. Troll var ute då kristendommen tok over. Då skal det ikkje mykje fantasi til tenkje seg at Olav den Heilage kunne ha gjort det ein trudde troll hadde gjort før.

Som døme kan tenkjast ” St. Olavs ormen” i Syltefjellet. Valldølne på Olavs tid visste godt at sjøormen var der på grunn av at Tor eller eit troll hadde slengt sjøormen opp i fjellsida. Men etter som åra gjekk og folk ikkje fekk lov å tru på slike krefter - alle som visste at ormen var der frå før var i grava - skal det ikkje mykje fantasi til å tenkje seg at ein god forteljar etter nokre staup mjød innabords kunne finne på at det var Olav som hadde gjort det. Slik må det og ha vore med Olavsvegen. Kanskje var den alt bygd i 1029, kanskje var vegbygginga i gang.

Uansett, bønder og trælar som hadde bygt vegen døydde. Eit par generasjonar seinare og etter som folk vart meir og meir opptekne av Olav Den Heilage, kva var meir naturleg enn at han fekk æra for vegen?

Sagnet fortel at då kong Olav stemna inn mot Valldal kom ein sjøorm symjande mot skipa. Kongen skal ha gripe ned i vatnet og kasta ormen opp i fjellveggen, der han vart til stein.

Grønning

Då Olav hadde bygt vegen over Skjersura til Grønning , seier Snorre, at han rådde bygdefolk til å byggje gardsbruk der. For der skulle ikkje kornet fryse, sa han! Eg har vanskar med å tru den forklaringa. Ein veit at på den tid vart det grunna godt klima og folkeauke rydda mange nye gardar.

Bønder på leiting etter husdyr og jakt på villdyr må ofte passerte dette området ut på hausten.

Då har dei sett at sjølv om det var rimfrosne områder langt nedafor Grøning, var det fritt for rim der. Børre I. Grønningsæter, sjølvstudert naturkjennar frå Valldal som førelas på ei rekke universitet hadde følgjande teori: Dersom det var Olav som fekk bønder til å slå seg ned på Grønning med lovnaden om at kornet ikkje skulle fryse, var det fordi han såg at der måtte det nesten alltid vere eit vindrag grunna 3 sidedalar. Om B.I.G. hadde rett blir spørsmålet kva kjennskap hadde vestfoldingen og vikingen Olav om fjelldalar og deira verknad på veret? I alle høve: I følgje Vera Henriksen har kornet på Grønning frose berre i i 1716 og 1877.

Ølbrygg

I min ungdom fekk eg Olavs råd på Grønning om gardsbruk presentert slik: Olav sa at kornet ikkje skulle fryse på Grønning så lenge det ikkje vart nytta til øl. Det fraus i 1958 vart det sagt!

Men Olav hadde ikkje noko mot ølbrygging. Tvert imot! Frå Gulatinglova vedteken på Moster truleg i 1024 var både Olav og bisp Grimkjel til stade. Der vart ølgjerd vedteke. Alle bønder med meir enn 6 kyr skulle gå saman 3 og 3 innan og bryggje. Ølet skulle signast til Kristus og Sankta Maria. Det skulle vere ferdig til Alehelgenmesse, 1. november. Også til jul skulle det bryggjast. Men då kunne kva gard bryggje åleine. ( Axel Coldevin m.fl: Vårt folks historie bind 2 s 45 )

Olavstradisjonane i Valldal

Den kommunale nemnda som arbeider med å ta opp igjen Olavstradisjonane i bygda har ei spennande utfordring framfor seg. Skal tradisjonane vere dei gamle mytene og folketrua om alt Olav fekk æra for i dalen ?

Det skal bli spennande å sjå. Eg går ut frå at det ikkje blir tradisjonen knytt til krava om ølbrygging..

--------------------------

view all

Bruse Herbiornasson på Muri's Timeline

1000
1000
omkring år 1000 i Norddal, Sunnmøre, Norway
1035
1035
Valldal, Sunnmøre, Norway
????
Valldal, Sunnmøre, Norway
????
Valldal, Sunnmøre, Norway